Go back




download musicfile

Barnet og mannen
Stiklestad-tonane: dikt 1961.



Den stigen eg sprang på som barn har grott att,
men måltrosten trallar i vårmjuke natt
så tindrende fagert som då!
Den hagen eg dyrka har vorte ein veg,
men bjørka på bakken ho ventar på meg
med digraste stomn du kan sjå!

Det blenkjer eit hav mellom då og i dag,
men lufta har enno det vårfriske drag,
og stjernene glitrar som før.
Dei borna eg minnest har sjølve fått born,
men enno syng vinden i gulnande korn,
og sola står høgast i sør!

Eg takkar for tonen som aldri kan døy
om blomane folnar og graset blir høy,
om ættene klagar i sut.
Eg takkar for barnet som syng i mitt sinn
lik måltrost i fagraste vårnatta inn.
Den fuglen må aldri fly ut!



skrevet av Bjarne Slapgard


Bjarne Slapgard (født 11. november 1901 i Verdal - 25. desember 1997 i Levanger) var en norsk forfatter og folkehøgskole-lærer.


tonesatt av Abnescio


Abnescio ble utdanna ved universitetet i Trondheim. Og bor nå ved byen Molde. Og er barnebarn av Bjarne Slapgard.